Mario & Luigi: Partners in Time (マリオ&ルイージRPG2, Mario & Luigi RPG 2x2) er eit rollespel utvikla av AlphaDream for Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan siste kvartal av 2005, og i Europa og Australia første kvartal året etter. Spelet er det femte i rekkja av Mario-rollespel og er oppfølgjar til Mario & Luigi: Superstar Saga på Game Boy Advance. Oppfølgjaren til Partners in Time er Mario & Luigi: Bowser's Inside Story som kom i 2009 på Nintendo DS.
Oppsett
Kampsystemet i Mario & Luigi: Partners in Time er likt det i føregangaren, der effekten frå åtak avhenger av at ein trykkjar på knappar på rette tidspunkt. Kampane er framleis bygde på turbaserte åtak frå Mario og Luigi, men desse to får no hjelp frå smårollingvariantane av seg sjølv. Brør-åtaka, som er åtak som vart utførte av Mario og Luigi i lag, er no blitt byta ut med diverse våpen som brørne kan nytta i kamp (en: Bros. Items). Desse våpna kan ein samla opp utanfor kampsekvensane. I likskap med brør-åtaka kan dei fire karakterane nytte brør-våpna samla for å påføre fiendar meir skade enn vanlege åtak. I utgangspunktet er det berre dei vaksne Mario-brørne som tek skade frå fiendar, men smårollingane blir sårbare når den tilhøyrande partnaren fell i kamp. Om smårollingane fell i kamp vil dette påverke kampen ved at nokre brør-våpen blir utilgjengelege og at ein ikkje kan forsvare seg med hamaren, då hamrar berre er nytta av smårollingane.
Bakgrunnsstoff
|
---|
Paper Mario-serien | |
---|
Mario & Luigi-serien | |
---|
Andre spel | |
---|