Entertainment Software Rating Board

Logoen til ESRB
RP (Rating Pending) blir brukt i reklame og marknadsføring av spel som ikkje har fått ei endeleg aldersgrense

Entertainment Software Rating Board (ESRB) er ein organisasjon som set aldersgrenser på dataspel og anna programvareunderhalding i USA, Canada og Mexico. Organisasjonen vart etablert i 1994 av Entertainment Software Association, som følgje av kontroversar knytte til dataspel med utprega valdeleg eller seksuelt innhald.[1] Systemet svarar til PEGI, som blir brukt for å klassifisera dataspel i Europa.

ESRB bruker stiliserte bokstavar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:

Early Childhood
Everyone
Everyone 10+
Teen
Mature
Adults Only

Dataspel merkte med EC (Early Childhood) eignar seg for små barn og skal ikkje ha støytande innhald. E (Everyone) eignar seg for alle aldrar, E 10+ (Everyone 10+) eignar seg for tiårige og eldre, og T (Teen) eignar seg for trettenårige og eldre. M (Mature) svarar til ei aldersgrense på 17 år og ein mindreårig må ha følgje av ein vaksen for å kunna kjøpa dataspel med dette aldersmerket. AO (Adults Only) svarar til ei aldersgrense 18 år og mindreårige er ikkje tillatne å kjøpa spel med dette merket.

Sjå òg

Kjelder

  1. About ESRB - ESRB.org

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Entertainment Software Rating Board