Manassesletta (hebraisk רָמַת מְנַשֶּׁה, Ramat Menashe) er eit geografisk område nord i Israe mellom Karmelberget og Amirfjellet/Umm al-Fahm. Sjølv om sletta ligg i fjellområdet, ligg ho berre kring 200 meter over havet, og er 400 moh på det høgaste. Sletta grensar til Jezreeldalen i nordaust, Yokne'amelva i nordvest, Wadi Ara i søraust og Nadivdalen i sørvest. Ramat Menashe er kalla Balad ar-Ruha på arabisk, som tyder «landet med vindane».[1]
Menassehsletta, òg kalla Ramot Menashe, fekk offisiell status som biosfærereservat av UNESCO i 2011. Dette kom av at sletta var «ein mosaikk av økologiske system som representeret Middelhavet sin versjon av dei globale eviggrøne lêrbladskogane.»[2]
Stader
Dei følgjande stadane finst på Manassesletta:[1]
Kjelder