I 1934 flytta von Mises til Sveits, der han var professor i Genève fram til 1940. Som jøde frykta han at dei tyske nazistane skulle ta makta i landet, og reiste til New York der han blei gjesteprofessor ved universitetet i 1945 fram til han pensjonerte seg i 1969. Han fekk ikkje løn frå universitetet, men blei i staden støtta av forretningsfolk som Lawrence Fertig.
Då von Mises trekte seg tilbake var han 87 og den eldste aktive professoren i USA. Han døydde 92 år gammal i New York.
Sentrale verk
Theorie des Geldes und der Umlaufmittel (1912)
Die Gemeinwirtschaft (1922)
Grundprobleme der Nationalökonomie (1933)
Human action (1949) (eigenleg ein utbygd versjon av Nationalökonomie (1940))