Lock Me In
«Lock Me In» (norsk 'sperr meg inne') er ein song frå 2022 som vart framført av det georgiske progressiv rock-bandet Circus Mircus. Songen vart gjeven ut 9. mars 2022 på YouTube-kanalen til bandet. Songen var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Om songen«Lock Me In» er skriven av bandet sjølv, ei løyndomsfull gruppe med musikarar som møtte kvarandre på ein sirkusskule i Tbilisi.[1] Gruppa vart vald av den georgiske rikskringkastinga til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022, og nyheita vart kunngjord i november 2021.[2] Fyrst i mars 2022 vart songtittelen kunngjord. Songen og musikkvideoen skulle eigentleg hatt premiere 10. mars, men planen vart endra på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina.[3] I staden slapp gruppa lydsporet til songen, med ein svart bakgrunn i staden for videoen. Videoen vart sloppen seinare i mars 2022.[4] Eurovision Song Contest«Lock Me In» var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, der han enda på 18. og siste plass. Sidan songen ikkje var blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[5] Dette var tredje gang Georgia endte sist i en semifinale. Sceneshowet vart regissert av den svenske koreografen Emilia Sandquist.[4] Kjelder
|