«Living on a Thin Line» er ein song skriven av Dave Davies og framført av The Kinks i 1984 på albumet deira Word of Mouth.
Bakgrunn
«Living on a Thin Line» er ein av to songar på Word of Mouth skriven av Dave Davies (den andre er «Guilty»). I biografien sin Kink, sa Davies at songen var inspirert av den lange og vanskelege karrieren til The Kinks og hatet hans mot politikarar.[1]
Utgjeving
«Living on a Thin Line» kom først ut på Word Of Mouth, men vart sidan gjeven ut på ein 12-tommars singel for radio (med B-sida «Sold Me Out») i Amerika,[2] og sidan på mange samlealbum, som Come Dancing with the Kinks, Lost & Found (1986-1989), The Ultimate Collection og Picture Book. Songen er òg blitt spelt på konsertar av både The Kinks og Dave Davies.[3]
Sjølv om songen ikkje vart ein kommersiell suksess, vart han ein favoritt blant fansen. Songen vart spelt tre gonger i ein episode av The Sopranos i 2001 i episoden «University». Produsenten Terence Winter har sagt at det var den songen i serien folk spurte mest om.[4]
Songen vart òg spelt i siste episode av HBO-serien Vice Principals.
Kjelder
|
---|
1960-åra | |
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | |
---|
Andre singlar (ikkje UK/US) | |
---|