«Drivin'» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen kom ut i 1969 på albumet Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire).
Bakgrunn
På Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire), syner «Drivin'» hovudpersonen Arthur Morgan som overtyder kona, Rose, om å gløyme alle problema sine (og uroa i verda) og ta ein køyretur. Men i i forhold til resten av albumet, så gjev songen berre ein liten pause frå den rådande uroa.[1]
Utgjeving
«Drivin'» var den første singelen frå Arthur. Han kom ut i Stobritannia og Europa, men ikkje i USA, og gjekk ikkje inn på nokre av singellistene, som den første Kinks-singelen sidan dei før «You Really Got Me». Heler ikkje den neste singelen deira, «Shangri-La», gjekk inn på listene.[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Kitts, T.M. (2008). Ray Davies: Not Like Everybody Else. Routledge. s. 135–137. ISBN 041597769X.
Bakgrunnsstoff
|
---|
1960-åra | |
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | |
---|
Andre singlar (ikkje UK/US) | |
---|