Liveigenskap var eit slaveriliknande system for jordbrukarar i store delar av Europa i mellomalderen. Dei liveigne jordbrukarane var underlagt ein godseigar, og dette tilhøvet vart overført gjennom arv. Eit kjenneteikn på ein liveigen var at jordbrukaren ikkje kunne flytta utan løyve frå godseigaren. På den andre sida kunne godsherren ofte heller ikkje tvinga jordbrukaren til å flytta. Ein liveigen skilde seg frå ein slave i og med at ingen eigde den liveigne direkte. Trass i dette var ein liveigen personleg knytt til eit landområde, eit gods eller ein storgard. Den liveigne måtte arbeida for godseigaren og betala ei årleg avgift, mot å få dyrka eit jordstykke.