Lyden på albumet førte til skuldingar om at bandet mima til songane. Det viste seg at lyden nytta på fjernsynssendinga av Out of the Blue Concert i 1978, som opptaka på albumet vart henta frå, var ein dårleg miksa monolyd som nytta mange av dei førehandsinnspelinga opptaka som vart nytta på konserten, slik at bandet unngjekk lydproblema skapt av den store scenen av metall og fiberglas. Lydbanda var berre for bandet, for at dei skulle klare å halde takten og skulle ikkje ut til publikum.[2]
I 2006 mastra Eagle Rock Entertainment lydbanda på nytt og presenterte lyden i stereo for første gong, og fjerna dei førehandsinnspelte lydspora som var tydelege på somme spor. Denne utgåva er så langt ikkje gjeven ut på CD, berre DVD.