Eldorado (stundom kalla Eldorado – A Symphony by the Electric Light Orchestra) er det fjerde studioalblumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1974.
Konsept
Eldorado er det første konseptalbumet til ELO. Jeff Lynne kom opp med historia før han skreiv musikken.[1] Plottet følgjer ein Walter Mitty-liknande karakter som reiser inn i ei fantasiverd via draumane sine og rømmer frå røyndomen sin. Lynne byrja å skrive albumet som svar på kritikk frå faren, som elska klassisk musikk, og som sa at repertoaret til Electric Light Orchestra ikkje «hadde noko melodi».[2] Påverknaden frå The Beatles er tydeleg, særleg i versa på «Mister Kingdom» som minnar om Beatles sin «Across the Universe».
Innspeling
Eldorado var det første albumet der Jeff Lynne hyrte eit orkester. På dei førre albuma hadde Lynne i staden lagt lag på lag med strykarar.[1]Louis Clark var medarrangør og dirigerte strykarane, og vart sidan fulltidsmedlem i bandet.[1] Dei tre faste strykeinstrumentalistane i bandet spelte òg på albumet, mest tydeleg på songane «Boy Blue» og «Laredo Tornado». Mike de Albuquerque slutta tidleg i innspelingsprosessen sidan turnélivet heldt han borte frå familien. Lynne spelte det meste, om ikkje alt, av bass og korvokal på albumet, sjølv om berre de Albuquerque står omtalt på plateomslaget. Kelly Groucutt erstatta de Albuquerque på den påfølgjande turneen, då cellisten Melvyn Gale òg kom inn. «Eldorado Finale» er ein tungt orkestrert versjon av «Eldorado Overture». Jeff Lynne sa om denne songen «Eg likar dei tunge akkordane og den noko teite slutten, der ein kan høyre kontrabassistane pakke saman bassane sine, fordi dei ikkje ville spele eit millisekund meir enn dei hadde fått betalt for».[1]
«Can't Get It Out of My Head» vart gjeven ut som singel (med «Illusions in G Major» som B-side) og vart ein suksess i USA. Ein nedkorta versjon av «Boy Blue» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde dårleg. Albumet selde til gullplate i USA. Verken albumet eller singlane gjorde det særleg bra i Storbritannia.