Utgangspunkta er Onepoto og Hopuruahine, høvesvis ved den sørlege og nordlege enden av innsjøen. Dei fleste brukar tre til fire dagar på å gå turen.[2]
Ruta passerer den tidlegare væpna vaktposten Armed Constabulary Redoubt,[5] nær startpunktet. Derfrå stig stien bratt opp til Panekire Bluff. Denne klippeskrenten dannar ein del av den sørlege breidda til innsjøen, og sørgjer for eit storslått utsyn over han. Stien følgjer ryggen, og har fleire skarpe ned- og oppstigingar. Panekire Hut ligg i ein liten rydning like i nærleiken av Panekire Trig point, 1180 moh., ved toppen av klippene. Herfrå er det også framifrå utsyn over sjøen.
Panekire Hut
7,6 km
3–4 timar
Stien frå Panekire Hut går vestover, stig og fell over åsrekkja Panekire Range, før han til slutt stuper ned i mykje høgare og fuktigare skog. Ved enden av nedstiginga ligg Waiopaoa Hut and Campsite (hytte og leirplass), der elva Waiopaoa renn inn i sjøen.
Waiopaoa Hut and Campsite
3,6 km
1,5 time
Stien går over grasland og gjennom skog, for det meste 10-20 m frå sjøen. Like før leirstaden Korokoro, er der ein avstikkar oppetter elva Korokoro river, til fossefallet Korokoro Falls, som tek kring 30 minuttar kvar veg.
Korokoro Campsite
6,8 km
2,5 time
I denne delen har stien svært mange svingar, der han buktar seg langs strandlinja, mot leirplassen Maraunui Campsite, følgjer ei elv oppstraums før han kryssar henne, og kjem ned att medstraums.
Maraunui Campsite
1,7 km
0,5 time
Ein kort tur over grasland og ein liten rygg.
Marauiti Hut and Campsite
6,2 km
2 timar
Bortsett frå ei kort stiging over ei lita halvøy, følgjer stien den buktande strandlinja mot nordaust.
Waiharuru Hut and Campsite
2,1 km
1,5 time
Stien stig ganske bratt, kryssar halvøya Puketukutuku Peninsula, og rører så vidt avgrensinga til kiwireservatet. Han går ned til den andre sida av halvøya, og når fram til leirstaden Tapuaenui Campsite, ved breidda til sjøen.
Tapuaenui Campsite
3,2 km
1 time
På nytt følgjer stien sjøen, buktar seg langsetter og gjennom skog, før han når fram til Whanganui Hut.
Whanganui Hut
2,7 km
0,75 time
Etter ein kort tur gjennom skogen, når stien fram til stranda der vass-taxiar tek på og set av passasjerar.
Water Taxi Stop (båttransport)
1,25 time
Hopuruahine
Department of Conservation gir svært romslege estimat om gangtid på dei ulike delane av ruta, røynde fotturistar går gjerne ruta på det halve av denne tida.
Transport
Då dette ikkje er ei sirkulær rute, trengst det transport mellom start- og endepunkt. Dei fleste turgåarane brukar lokale buss- eller båttenester som kan køyra ut og henta inn passasjerane til avtalt tidspunkt.
Starten og endepunktet til ruta ligg båe ved riksvegen State Highway 38.
Der er ein campingplass for motorkøyrety i Home Bay (Whanganui o parua Inlet), nær informasjonssenteret Āniwaniwa Visitor Centre.
Alle hyttene og leirstadane kan òg nåast med båt, utanom Panekire Hut, og der er fleire båtrampar langs riksvegen State Highway 38.
Avgifter og bestillingar
Der er førehandsbestillingar heile året.
Avgiftene er NZ$ 32,00 for hyttene og NZ$ 14.00 for leirplassane.[6] Bestillingar kan gjerast online eller telefonisk frå vevsidene til Department of Conservation:[6]
Lokalisering
Lake Waikaremoana Great Walk ligg i Te Urewera National Park.[7] Byen som ligg nærast ruta, er Wairoa, frå her kan ein avtala transport til og frå sjøen.
Ein har tilgang til Waikaremoana frå to kantar. State Highway 38 bind saman Wairoa og East Coast med den sentrale Nordøya, og går forbi innsjøen og informasjonssenteret Āniwaniwa Visitor Centre. Riksvegen er utan fast dekke i om lag 80 kilometer mellom Murupara og busetnaden Tuai. Der er godt markerte sidevegar til stader ein kan setja ut båtar, og der ein kan koma inn på turstien.