Turen er administrert av Department of Conservation (DOC) under programmet New Zealand Great Walks.
Sjølv om Great Walk-turen endar ved Pipiriki, er elva farbar enno 89 km nedetter. Eit mindre tal reisande med kano tek seg vidare fram til hovudbrua i Wanganui, dette tek to dagar i tillegg.
Om ruta
Ruta er delt opp i seksjonar som er elvestrekningar mellom leirstadar og hytter som følgjer:
Under vanlege vêrtilhøve vil elvestryka ikkje gå over grad II på den internasjonale skalaen for gradering av farbare elver. Der er fleire turoperatørar som dekkjer heile, eller delar av turen.
Overnattingar
Overnattingane langs ruta er ein kombinasjon av hytter og leirstadar, og kan ikkje bestillast på førehand. Alle som brukar elva må kjøpa eit turpass (Facilities User Pass (FUP)) om dei reiser mellom 1. oktober og 30. april, og dette er tilgjengeleg frå ulike distributørar, frå DOC i Wanganui, og frå lokale turistinformasjonar (VINs). Det er ulike prisar for ulike aldersgrupper, og for jetbåtar. Full informasjon om dette er å finna på vevsida til DOC som er ført opp under bakgrunnsstoff.