Den største skilnaden frå Ubuntu er at Kubuntu nyttar KDE skrivebordsmiljø. Det er òg nokre skilnadar i kva programvare som er installert, men mykje av dette kan endrast ved å installera eller avinstallera tilleggsprogramvare.
Kubuntu fyljer same namn og versjonnumerering som Ubuntu, der kvar utgåve har eit kodenamn og eit versjonsnummer (tufta på året og månaden utgåve vart innført). Dei fleste utgåvene vert vedlikehaldne i 18 månadar, men langvedlikehaldsversjonar, merkte med LTS (Long Term Support), vert vedlikehaldne i 3 år for arbeidsstasjonar og 5 år for tenarar.
KDE 3.4.3 nytta konfigurasjonsverktøyet Guidance og programoppdateringshandsamaren Adept nytta «debtags», som hadde ein brukbar søkefunksjon. Andre nyheiter var KDE Bluetooth, ein grafisk boot-skjerm med progresjonsstripe (USplash), OEM installasjonsstøtte og så vidare.
Langvedlikehaldsversjonar (LTS), med Ubiquity installeringsverktøy, Adept mellingssystem, X Display konfigurasjonsverktøy og forbetra støtte for asiatiske språk, etc.
KDE 3.5.5. Denne utgåva var utstyrt med Digikam fotohamdsaming of tilgangsprofilar med støtte for funksjonshemma brukarar. Det var endringar i systeminnstillingane, effektkontrollen, nettverk og støtte for bærbare maskinar. Ei anna oppdatering var automatisk feilrapportering og oppstart.
KDE 3.5.6, Migrasjonsassistent, KVM, ny codec/drivar-installasjon, Systemkonfigurasjonen var del i to katagoriar: general og advansert. Det var betre støtte for Hewlett-Packard skrivarhandsaming, KNetworkManager, støtte for WPA. Det var eit forbetra hjelpesystem, organisert etter emne, støtte for OEM-oppdatering. Utgåva hadde ikkje offisiell støtte for PowerPC.
På grunn av at ein gjekk frå KDE 3 til KDE 4 var det to versjonar av 7.10, ein med KDE 3.5 og ein med KDE 4.0. Kubuntu Hardy var difor ikkje ei LTS-utgåve [1]Arkivert 2012-02-29 ved Wayback Machine.. Denne versjonen tol sikte på å vera meir kompatibel med Ubuntu, som nyttar GNOME skrivebordsmiljø.[6] Mellom desse endreingane var KDM, automatisk skrivardeteksjon og ein Qt-basert dialog for skrivarkonfigurasjon, og enklare codekinstallasjon i Kaffeine. I denne versjonen vart muspeikaren automatisk gripen tak i og slepp når operativsystemet kjøyrde i VMware.
Denne versjonen hadde Linux-kjerne v. 2.6.27, Xserver 1.5 og KDE 4.1.2, med KWin, som standard skrivebordmiljø, Adept 3 pakkehandsamingsverktøy, KNetworkManager 0.7.