Kubenskojesjøen (russisk Кубенское озеро) er ein stor og grunn innsjø i Vologda oblast i Russland, om lag 109 meter over havet. Han strekkjer seg 60 km frå nordvest til søraust og er 3–9 km brei.
Han har eit areal på 648 km², og utan øyar 407 km². I snitt er innsjøen 3 meter djup. Han er kjend som ein vindfull stad og varierande vassnivå gjennom året. Gjennom året varierer djupet frå 2,4 til 5,5 meter.[1] Kubenskojesjøen er kjelda til elva Sukhona.
Området ved Kubenskojesjøen vart busett av russarar på 1100-talet då Kamennij kloster vart grunnlagd på ei øy i innsjøen. Ein av greinene til fyrstane av Jaroslavl eigde land i nærleiken og vart kalla fyrst Kubenskij. Sidan 1828 har innsjøen vore ein del av Volga-Nordlege Dvina-kanalen. Den austlege endepunktet for Nordre Dvina-kanalen er nordvestenden av innsjøen. I 1917 vart det bygd ei demning ved utsiget i Sukhona og innsjøen vart omgjort til eit vassreservoar.