Kondensator![]() Ein kondensator er ein elektronisk komponent som lagrar energi i eit elektrisk felt mellom to vanlegvis metalliske «plater» med like stor og ulikt retta ladning. Ein kondensator vert til dømes laga ved å rulle to metallfilmar saman med ein isolator (eit dieletrika) mellom filmane. Fysiske samanhengarEin kondensator vil hindre likestraum (DC) å passere gjennom seg sidan dei to tilkoplingspunkta til kondensatoren ikkje har galvanisk kontakt. Soleis kan ein kondensator brukast til å fjerna likestraumskomponenten frå eit signal. Om ein kondensator vert utsett for vekselstraum (AC) med høg frekvens, vil ladningen mellom platene i kondensatoren svinge fram og tilbake slik at det ser ut som om kondensatoren oppfører seg som ei kortslutning. Ved å utnytte desse to eigenskapane kan ein bruke ein kondensator til å forme eit elektrisk signal. KapasitansEvna til å lagra elektrisitet vert kalla kapasitans. Det er kapasitansen til ein kondensator ein utnyttar i elektroniske kretsar. Denne er gjeven av samanhengen
Lagra energiEnergien i Joule lagra i ein kondensator er gjeven av denne likninga BruksområdeImpedansen til ein kondensator , der , der er frekvensen i Hz. Ein kondensator blokkerer difor likestraum og slepp gjennom høgfrekvente signal.
Ulike typar kondensatorar
Bakgrunnsstoff |