Kleinbreen er ein brei isbre nær kanten av polarplatået, som flyt nordvest og ut i Scottbreen like sør for La Gorce Mountains. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960-63. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kapteinløytnant Verle W. Klein, som var pilot i U.S. Navy-skvadron VX-6 under Operasjon Deep Freeze i 1966 og 1967.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Klein Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).