Kfar Hoshen (כפר חושן), tidlegare kalla Safsufa (ספסופה), er ein moshav kring 4 km nord for Meron nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. Moshaven ligg på landområdet til den tidlegare palestinske landsbyen Safsaf, då innbyggjarane der flykta til Libanon etter Safsaf-massakren i oktober 1948, under den arabisk-israelske krigen 1948.[1][2]
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar til Israel frå Bulgaria og med støtte av moshavar-rørsla. Folkesetnaden vart byta ut i tidlege år av immigrantar frå Jemen, og frå 1953 av immigrantar frå Marokko og Tunisia.
Kjelder
- ↑ Morris, 2004, p. XXI, Settlement #49, established January 1949.
- ↑ Khalidi, p. 491