Ketil Gjessing
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
18. februar 1934 (90 år) Oslo
|
Yrke |
lyrikar
|
Ketil Gjessing, (fødd 18. februar 1934 i Oslo) er ein norsk lyrikar. Han er utanna mag.art. og cand. philol. med litteraturvitskap (hovudfag), engelsk og musikk ifrå Universitetet i Oslo 1965.
Arbeid
Gjessing jobba som lærar i norsk ved Atlantic College i St. Donat´s South Wales, i England 1965-1966; Gjessing jobba som programsekretær i NRK Radioteatret frå 1966. Han er no pensjonist.
Organisasjonsmedlemskap: Den norske forfatterforening, Norsk forfattersentrum, Norsk oversetterforening, Språkleg samling, Folkereising mot krig, Norsk tjenestemannslag. Redaksjonsmedlem i Pax og Profil.
Utgjevne dikt:
- Kransen om et møte - 1962
- Frostjern - 1968
- Private steiner - 1970
- Utgående post - 1975
- Snøen som faller ifjor - 1977
- Bjelle, malm - 1979
- Vinger, røtter - 1982
- Slik pila synger i flukten - 1985
- Nådefrist - 1988
Ein del dikt og artiklar har blitt publiserte i Edda, Pax, Profil, Samtiden, Vinduet og andre tidsskrift, også i utlandet, og i ein del aviser.
Han har vore representert i fleire antologiar, med novelle i Norske sengehester (1966, også på japansk og svensk), og med dikt i Ti unge, Nye navn i norsk kunst, I grenselandet, Amor Roma, La hundre blomster blomstre, Moderne norsk lyrikk og andre, også ein slovakisk antologi over norsk lyrikk. Fleire omsetjingar av høyrespel frå engelsk og spansk, alt i hovudsak frå den tredje verda, mellom anna Soyinka, samt høyrespelversjonar av scenedramatikk, dessutan dramatisering for radio av novella «Kjenner du når jeg gjør slik» (Robert Sheckley).
Prisar og utmerkingar
Kjelde
- Leif Gjessing. Grømstad Gjessingene og dets etterkommere i 300 år: Ei slektsbok som består av innsendte bidrag frå dei som blir omtala.