Den tredje verda

Dei grøne landa vert som regel definert som den tredje verda, dei gule vert av og til definert som ein del av den tredje verda.

Den tredje verda, òg kalla det globale Sør, er eit omgrep som vert brukt for å skildra dei fattige landa i verda. Omgrepet har utspring i den vestlege verda under den kalde krigen, der den første verda vart brukt til å skildra dei vestlege kapitalistiske landa og den andre verda til å skildra Austblokka.[1] Den tredje verda utgjorde landa som korkje var allierte med Vesten eller Austblokka ved byrjinga av den kalde krigen.

Kjelder

  1. Eriksen, Tore Linnè (17. oktober 2018). «Den tredje verden». Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2018. 

Litteratur