Vesten eller den vestlege verda er eit samleomgrep som opphavleg viser til ein del av verda som ligg «i vest» i høve til ein europeisk ståstad, til motsats frå Austen. I moderne språkbruk omfattar omgrepet òg land som har vore industrialiserte lenge og ikkje har vore kommunistisk styrte.
Omgrepet Vesten, som Oksidenten, viste opphavleg til området dekt av Vestromarriket.