Liksom mange andre folk under den europeiskejarnalderen var dei keltiske folka polyteistiske før dei konverterte til kristendomen. Den keltiske kulturen var ikkje nær så homogen som til dømes den romerske eller greske. Truleg hadde kvar keltisk stamme i det enorme området som den keltiske ekspansjonen omfatta sine eigne gudar. Av desse er drygt 300 kjende. Få av dei keltiske mytane har dessverre overlevd i opphavleg form, men det har ikkje hindra at mytologien deira har påverka den moderne europeiske sivilisasjonen.