I den første tydinga av ordet utgjer ei samling mytar frå ein kultur til saman mytologien i denne kulturen.
Mytar, segner og legender
Mytar skjer, i motsetnad til ei segn eller ei legende, som regel utanfor tid og rom.
Ein myte skil seg frå ei segn ved at myten forsøkjer å forklare kvifor verda skikkar seg som ho gjer, medan segner oftare fokuserer på sosiale konfliktar. Legender byggjer på konkrete hendingar som går for å vere sanne.