Han vart opphavleg grunnlag av kolonistar frå Páros på 500-talet fvt., som kalla han Neapolis («ny by»). Neapolis var ein by i Makedonia. Han var sannsynlegvis same by som Daton (Δάτον), kjend for gullgruvene sine (Herod. ix. 75).
Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Fílippi. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 66 376 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kavála hadde 56 243 og tettstaden med same namn 51 947 innbyggjarar.[1]