Ei av hennar sentrale saker var samfunnsskildringa og kjønnsrollemønsteret som la til grunn i barnebøkene. Lisensiatavhandlinga til Skjønsberg frå 1972 heitte Kjønnsroller, miljø og sosial lagdeling i barnelitteraturen. Ho redigerte eit feministisk utval av norske folkeeventyr i 1983: Eventyrjenter med bein i nesa : 16 eventyr fra Asbjørnsen og Moes samlinger. Ho skreiv elles om populærlitteratur, adaptasjonar og andre emne.
Politikk
Skjønsberg var aktivt engasjert i kvinnesaksrørsla og Arbeidarpartiet. Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1967, sentralstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening frå 1970, redaktør for Kvinnesaksnytt 1970–1974 og leiar for Norsk Kvinnesaksforening 1972–1978 (tittelen blei endra frå formann til leiar i 1974). Som leiar for NKF i 1970-åra heldt ho fast på likestillingspolitikken til NKF og tradisjonelle roller som påverker overfor myndigheitene gjennom systematisk myndigheitskontakt, og arbeida særlig for lovmessig forankring av likestillingsarbeidet gjennom likestillingslova og for etableringa av Likestillingsombudet, som begge blei ein realitet i 1978. Hun uttala i 1973 at «jeg synes det er svært viktig at Norsk Kvinnesaksforening består som den institusjon den er» som «nyter offentlig prestisje og arbeider gjennom offisielle kanaler» for å kunne «øve press på myndighetene for å oppnå større likestilling». Ho meinte difor det ikkje var NKFs oppgåve å engasjere seg i grasrotaktivisme, slik den nye kvinnerørsla gjorde.[1] Då ho gjekk av som NKF-leiar i 1978 blei ho utnemnd til medlem av det statlege Likestillingsrådet, der ho sat til 1983.[3][4]
Skjønsberg var frå 1970-åra aktiv i Oslopolitikken for Arbeidarpartiet. Ho var nestleiar i bydelsutvalet i Røa, medlem av fellesrådet til bydelsutvala, medlem i felleskomiteen for bydelsgrupper, medlem av programkomitéen til Oslo Arbeidarparti og medlem av Oslo bystyre 1980–1983.[5]
Ettermæle
Festskriftet Barnelitteratur og kvinnesak – eller omvendt: Kari Skjønsberg 1926–1996 blei utgjeve av Høgskolen i Oslo i 1996. Kari Skjønsbergs pris blei oppretta av Høgskolen i 1996, med fyrste utdeling i 1997. Kari Skjønsbergs Minnefond ber også namnet hennar.[6]
Bibliografi
Historie og samfunn : åtte artikler 1956-1991. Oslo, 1995. ISBN 82-579-0049-4
Kjønnsroller og leserroller : åtte artikler 1962-1992 . Oslo, 1995. ISBN 82-579-0048-6
7 papers on children's literature 1985-1994 : in English, Deutsch, Français . Oslo, 1995. ISBN 82-579-0050-8
Ti artikler om barne- og ungdomslitteratur 1973-1993. Oslo, 1993.
«Norsk barnelitteratur på 1800-tallet» I: (Finlands barnboksinstitut. Skrifter ; 3). ISBN 951-99468-8-8
Hvor var kvinnene? : elleve kvinner om årene 1945-1960. Gyldendal, 1979
Hvem forteller? : om adaptasjoner i barnelitteratur. Tiden, 1979. ISBN 82-10-01836-1
Gavnlige og morende Fortællinger for Børn : Et utvalg av eldre norsk barnelitteratur. Samlet og presentert av Kari Skjønsberg. Aschehoug, 1974. ISBN 82-03-05296-7
Mannssamfunnet midt imot. Norsk kvinnesaksdebatt gjennom tre «mannsaldre». En antologi ved Kari Skjønsberg. Gyldendal, 1974 ISBN 82-05-06262-5
Kjønnsroller, miljø og sosial lagdeling i barnelitteraturen. Universitetsforlaget, 1972 ISBN 82-00-08839-1