Kalix kommune (finsk Kainuun kunta) ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Kalix grensar mot nabokommunane Luleå, Överkalix, Övertorneå og Haparanda. Administrasjonssenter i kommunen er tettstaden Kalix. Kalix kommune har kring 16 500 innbyggjarar (2011). Folketalet er på tilbakegang.
I februar 2011 vart Kalix inkludert i forvaltningsområdet for meänkieli og finsk[2] og Kalix er ein av seks svenske kommunar der meänkieli har status som offisielt minoritetsspråk.[3]
Kalix kommune hadde tolv tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]