Kafr Zita (arabisk كفر زيتا, òg skrive Kafr Zayta) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, 30 kilometer nord for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Nabudah og al-Habit i nordvest, Khan Shaykhun i nordaust, Mork i aust, Suran i søraust, al-Lataminah, Halfaya og Mhardeh i sør, Tremseh i sørvest og Kirnaz og Hayalin. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Zita eit folketal på 17 052 i 2004. Han er òg senter for eit nahiyah («underdistrikt»), ein del av Mhardeh-distriktet, som består av sju stader med eit samla folketal på 39 032 i 2004.[1]
Historie
Ruinane av ei kyrkje frå bysantinsk tid på 400-talet ligg i Kafr Zita.[2]
Seint i osmansk tid på 1700- og 1800-talet, var Kafr Zita ein av dei største landsbyane i området nord for Orontes og innbyggjarane var ofte på etterskot for skattebetaling og måtte få økonomisk støtte.[3]
I perioden under det franske mandatet i Syria vart Kafr Zita, som mange andre stader i nærleiken, organisert som ei kollektiv jordbruksbygd.[4] I 1975 vart nahiyah Kafr Zita og Mhardeh slått saman for å dannemantiqah («distriktet») Mhardeh, med sistnemnde som adminstrativt senter.[5]
Den 16. desember 2012, under det syriske opprøret mot styret til Bashar al-Assad som byrja tidleg i 2011, bomba regjeringsstyrkane, som kjempa mot opprørarane, Kafr Zita, og tre barn omkom i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar (SOHR).[6] Den 20. desember hevda opprørarne å ha erobra Kafr Zita og ei rekkje andre byar i nærleiken under ein offensiv mot regjeringsstyrkane i nærleiken av Hama.[7]
Kjelder