Johnson Spur er ein klipperik utstikkar som ligg 9 km sør-søraust for Taylor Spur og 14 km nord-nordvest for Long Peak, på austsida av Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Han dannar søraustenden av Doyran Heights og ligg oppom Rutfordstraumen i aust og Obelyabreen i vest. Ryggen vart først kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1957–59, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter William F. Johnson, ein meteorolog ved Amundsen-Scott-stasjonen i 1957.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Johnson Spur» (innhald frå Geographic Names Information System).