Johan Sverdrup-feltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Feltet vert utgjort av funna 16/2-6 Avaldsnes (2010), 16/2-8 Aldous Major South (2011) og 16/2-9S Aldous Major North (2011). Olje- og Energidepartementet kunngjorde 17. januar 2012 at funna Avaldsnes og Aldous vart gjeve felt namnet «Johan Sverdrup-feltet». Feltet vart kalla opp etter politikaren Johan Sverdrup.
Produksjonen på feltet byrja 5. oktober 2019, og den fyrste olja frå feltet nådde Mongstad-raffineriet 21. oktober same året.[1]
Kjelder
- ↑ «Første olje fra Johan Sverdrup-feltet kom til Mongstad». Teknisk Ukeblad. 21. oktober 2019. Henta 27. desember 2019.