Petoro er eit norsk statleg aksjeselskap med ansvar for å ivareta dei forretningsmessige tilhøva knytt til statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel. Verdien av SDØE vart den 1. januar 2005 rekna til 625,7 milliardar kroner.
Etableringa av Petoro i 2001 kom i samband med omgjeringa av Statoil frå eit reint statsselskap til eit aksjeselskap med fleire eigarar. Statoil hadde før dette ansvar for forvaltinga av SDØE.
I 2006 vart Petoro verdsett til 1000 milliardar kroner. I desember 2006 hadde Statoil/Hydro ein børsverdi på 587 milliardar kroner.
Kjelder
Bakgrunnsstoff