Olje (latinoleum, oliven) er ei samnemning på ulike væsker som normalt ikkje er løyseleg i vatn.[1] Oljer er komplekse, organiske sambindingar av ulike slag. Dei har karakter av å vere viskøse, feite eller smørjande, og kan ordnast i tre hovudgrupper:
Olje har vore kjend frå oldtida som smøremiddel og som brenselkjelde til lys. Olje er til dømes nemnd i Andre mosebok kapittel 35 «Gåver til heilagdomen», «olje til ljosestaken». Olivenolje var den tidlegaste vegetabilske olja nytta i vidt omfang kring Middelhavet.
Utanom petroleum og olivenolje har kvalolje hatt ei stor kommersiell verdi, kvalolje har vore nytta ut i ca. 800 år. Seint på 1700-talet tok ein i bruk kvalolje til lys i Noreg.