Galtung er fødd i Oslo og utdanna seg som sosiolog og matematikar. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner innan freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han er direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnleggjar av Transcend-metoden. Han har verka som meklar i over 40 konfliktar, som i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.
Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han fekk Brageprisen for, i 2000.
Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.
I 2011 vart Galtung skulda for antisemittisme etter eit foredrag ved Universitetet i Oslo[1] og eit innlegg i tidsskriftet Fri Tanke der han mellom anna tala om «jødemakt».[2]
Kjelder
↑journalist, KRONIKKJohn FærsethMedieviter og (5. oktober 2011), «Galtung leker med ilden», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. januar 2019