Edmonton vart fødd i Oshawa i Ontario i Canada.[1] Både broren Dennis, òg kjent som Mars Bonfire, og han sjølv skifta etternamn til Edmonton i løpet av 1960-åra, då dei opptredde i gruppa The Sparrows.[3]John Kay og Goldy McJohn vart med i denne gruppa i Toronto i 1965, og etter fleire endringar i besetninga og flytting til California vart gruppa omdøypt til Steppenwolf.[4]
Då Steppenwolf vart mellombels oppløyst 14. februar 1972, danna Edmonton og Steppenwolf-organisten Goldy McJohn eit nytt band. Goldy McJohn skipa Seven saman med vokalist Lance Gullickson og gitarist Robin Huff. Etter Seven danna Edmonton og McJohn Manbeast saman med Rod Prince og Roy Cox frå Bubble Puppy, før Steppenwolf samla seg igjen i 1974 for tre album før dei vart oppløyste igjen i 1976.[1]
Privatliv
Edmonton gifta seg med enkja til den tidlegare Steppenwolf-bandkollegaen Andy Chapin på 1980-talet.[1] Edmonton døydde i ei bilulykke i Santa Ynez i California, den 28. november 1993, då han krasja inn i eit tre etter å ha oversett ein sving.[1]