«Jenny Wren» er ein song av Paul McCartney frå 2005 på albumet Chaos and Creation in the Backyard. Han vart òg gjeven ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia den 21. november 2005.
Bakgrunn
«Jenny Wren» vart skriven i Los Angeles og handlar om karakteren med same namn i Charles Dickens-romanen Our Mutual Friend. Han refererer òg til ein fugl kalla wren (gjerdesmett), som visstnok skal vere favorittfuglen til McCartney. McCartney skreiv melodien med liknande fingerplukking på gitaren som på «Blackbird», «Mother Nature's Son» (The Beatles) og «Calico Skies» (Flaming Pie). Songen vann Grammy-prisen i 2007 for årets beste mannlege popsong.
Soloen i songen vert spelt på eit armensk treblåseinstrument, kalla duduk, spelt av venezuelanske Pedro Eustache.
Innspeling
Songen vart spelt inn i oktober 2004, og duduk-soloen vart lagt til 25. oktober.[1]
Innhald
- Digital-singel 31. oktober 2005
- «Jenny Wren» (radio edit) – 2:09
- «Jenny Wren» – 3:47
- «Summer of '59» – 2:11
- «Jenny Wren» – 3:47
- «I Want You to Fly» – 5:03
- «Jenny Wren» – 3:47
- «I Want You to Fly» – 5:03
- «This Loving Game» – 3:15
Salslister
«Jenny Wren» nådde 22. plassen på UK Singles Chart.[2]
Medverkande
Medverkande i følgje plateomslaget.[3]
Kjelder
|
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | |
---|
2000-åra | |
---|
2010-åra | |
---|
|