Jennifer Kate Hudson (fødd 12. september1981), ogaå kjend under kallenamnet J.Hud, er ein amerikansk songar og låtskrivar, skodespelar, talkshow-vert og produsent. Gjennom karrieren sin har ho vunne ulike prisar for arbeidet sitt med musikk, film, fjernsyn og teater. Hudson blei den yngste kvinna og den andre afrikansk-amerikanske kvinna til å vinna alle dei fire hovudprisane innan amerikansk underhaldningsindustri: Emmy, Grammy, Oscar og Tony (EGOT).[1] Ho fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 2013.[2]Time nemnde henne som ei av dei 100 mest påverknadsrike menneska i verda i 2020.[3]
Hudson blei kjend i 2004 då ho var finalist i den tredje sesongen av American Idol, og ende opp på sjuande plass. Ho filmdebuterte som Effie White i musikalen Dreamgirls (2006), som ho vann ein Academy Award for Best Supporting Actress for, den yngste afrikansk-amerikanaren til å vinna ein skodespelarkategori. Etter å ha skrive platekontrakt med Arista Records gav Hudson ut debutalbumet sitt Jennifer Hudson i 2008, som selte til gull i USA og Storbritannia, og vann ein grammypris for beste R&B-album.
Dei neste studioalbuma til Hudson, I Remember Me (2011) og JHUD (2014), nådde begge topp ti-lista av Billboard 200, der fyrstnemnde også selde til gull i USA. Ho hadde fleire skodespelarroller i filmane Sex and the City (2008), The Secret Life of Bees (2008), Winnie Mandela (2011), Black Nativity (2013), Sing (2016), Cats (2019) og Respect (2021), fjernsynsseriane Smash (2012), Empire (2015) og Confirmation (2016), og debuterte på Broadway i musikalen The Color Purple. Hudson var også trenar i dei britiske og amerikanske versjonane av The Voice frå 2017 til 2019, og blei den fyrste kvinnelege trenaren til å vinna fyrstnemnde.[4] I 2022 byrja ho å leia eit talkshow, The Jennifer Hudson Show.
Bakgrunn
Hudson blei fødd i 1981 i Chicago i Illinois.[5][6] Ho var det tredje og yngste barnet til Darnell Donerson[7] og Samuel Simpson.[8][9] Ho blei oppdregen som baptist[10] i Englewood.[11] Då ho var 7 byrja ho framføra musikk då ho blei med i kyrkjekoret, og blei med på amatørteater med hjelp frå mormora si Julia. Ho har nemnt Whitney Houston, Aretha Franklin og Patti LaBelle som dei største påverknadane og inspirasjonskjeldene sine.[12] Ho har også omtalt Mariah Carey som ein av dei musikalske heltane sine.[13] Hudson var elev ved Dunbar Vocational High School, som ho gjekk ut frå i 1999.[14] Ho byrja som student ved Langston University i Oklahoma, men forlet det etter eit semester på grunn av heimlengt og misnøye med vêret. I staden blei ho student ved Kennedy–King College i Chicago.[15]
I januar 2002 skreiv Hudson sin fyrste kontrakt med Righteous Records, eit sjølvstendig plateselskap i Chicago.[16] Ho blei frigjeven frå den fem år lange kontrakten med Righteous Records slik at ho kunne ta del i American Idol i 2004.
Karriere
2004–05: American Idol
Hudson hadde audition for den tredje sesongen av American Idol i Atlanta. Ho fekk det høgaste talet stemmer i «Top 9» etter å ha framført Elton John sin song «Circle of Life» 6. april 2004, men to veker seinare blei ho eliminert frå tevlinga under «Top 7»-showet etter å ha framført Barry Manilow sin «Weekend in New England».[17][18] I mai 2009 plasserte MTV Hudson som den sjette største deltakaren i American Idol til då, og sa at hennar eliminasjon var den mest sjokkerande av alle.[19] I mai 2010 hevda Los Angeles Times at Hudson var den tredje største Idol-deltakaren nokonsinne, etter vinnaren av fyrste sesong, Kelly Clarkson, og vinnaren av fjerde sesong, Carrie Underwood.[20]
2006–07: Dreamgirls og gjennombrot
I ei av dei fyrste framføringane sine på eit album var Hudson med på å synga duetten «The Future Ain't What It Used to Be» på Meat Loaf sitt Bat Out of Hell III: The Monster Is Loose. I september 2006 framførte Hudson songen «Over It» live på Fox Chicago Morning News. Då ho blei intervjua fortalde ho at songen ville vera del av debutalbumet hennar, som skulle koma ut tidleg i 2007; dette var likevel før ho hadde nokon platekontrakt.[21] I november 2006 skreiv Hudson kontrakt med Arista Records.[22] Ho spelte også inn ein song ho skreiv saman med Bill Grainer og Earl Powell kalla «Stand Up», som var mogleg å høyra på nettstaden hennar. Sporet blei arrangert og produsert av Powell og Herman Little III, begge frå Chicago..[23] Denne powerballaden blei seinare gjort tilgjengeleg som bonusspor på deluxe-utgåva av Jennifer Hudson sitt fyrste album, som kom ut i 2008 og hadde namn etter henne.
I november 2005 fekk Hudson rolla som Effie White i filmversjonen av musikalen Dreamgirls, der også Jamie Foxx, Beyoncé Knowles og Eddie Murphy hadde roller. Dette var debutfilmen til Hudson. Filminga av Dreamgirls tok til 9. januar 2006, og filmen blei fyrst sleppt på avgrensa stader den 25. desember 2006 og så landet over 12. januar 2007. Hudson fekk særleg ros for framføringa si av hitsongen «And I Am Telling You I'm Not Going», signatursongen knytt til rolla. Denne songen var allereie blitt spelt inn, og gjort til litt av ein musikalsk standard, av Jennifer Holliday. The New York Observer omtalt Hudson si framføring av songen som «five mellifluous, molto vibrato minutes that have suddenly catapulted Ms. Hudson... into the position of front-runner for the best supporting actress Oscar».[24]Newsweek skreiv at når filmsjåarar fekk høyra Hudson synga songen, ville ho «raise goose bumps across the land.»[25]Variety skreiv at framføringa til Hudson' «calls to mind debuts like Barbra Streisand in Funny Girl or Bette Midler in The Rose, with a voice like the young Aretha».[26] «Love You I Do» blei nominert til Academy Award for Best Original Song i 2007 og vann Grammy Award for Best Song Written for a Motion Picture, Television or Other Visual Media i 2008.
For rolla som Effie White vann Hudson 29 prisar frå filmkritikarar som Best Supporting Actress og Breakthrough Performer of 2006. Ho vann Golden Globe-prisen som Best Actress in a Supporting Role. I tillegg blei ho utropt til Best Supporting Actress av Broadcast Film Critics Association og av Screen Actors Guild. Etter å ha sett Hudson opptre i Dreamgirls spelte Simon Cowell inn ei gratulasjonsmelding til henne som blei sendt på The Oprah Winfrey Show.[27] I mars 2007 blei Jennifer Hudson den tredje afrikansk-amerikanske kjendisen og den fyrste afrikansk-amerikanske songaren til å vera på framsida av bladet Vogue.[28] 11. februar 2007 blei British Academy Film Awards haldne i London for 60. gong. Hudson vann BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, men var ikkje til stades. Prisen hennar forsvann ei stund, og Hudson fekk han fyrst 22. april 2011 på Graham Norton Show. 25. februar 2007 vann ho Oscar-prisen for Best Supporting Actress for rolla si i filmen. Seinare i 2007 erklærte borgarmeisteren i heimbyen hennar Chicago, Richard M. Daley, at 6. mars skulle vera «Jennifer Hudson Day».[29][30] Ho blei innboden til å vera med i Academy of Motion Picture Arts and Sciences 18. juni, i lag med 115 andre i 2007.[31][32]Entertainment Weekly sette framføringa hennar på si liste over «best-of» for tiåret, og skreiv: «Sure, Beyoncé's performance was great. And Eddie Murphy's was impressive. But there was really only one reason we all rushed to see 2006's Dreamgirls: Jennifer Hudson's soul-to-the-rafters rendition of the classic 'And I'm Telling You I'm Not Going'. When she sang 'You're gonna love me,' it wasn't just a lyric — it was a fact.»[33]
2008–09: Albumet Jennifer Hudson og filmar
I mai 2008 spelte Hudson rolla Louise, assistenten til Carrie Bradshaw, i filmen Sex and the City. Filminga blei avslutta i desember 2007, og filmen kom ut 30. mai 2008.[34] I oktober 2008 hadde Hudson si tredje filmrolle i The Secret Life of Bees der ho spelte Rosaleen, morsfiguren til Lily Owens (Dakota Fanning). Andre skodespelarar i filmen var Queen Latifah, Sophie Okonedo og Alicia Keys. Filmen vann to People's Choice Awards i januar 2009 i kategoriane Favorite Drama Movie og Favorite Independent Movie. Han blei også nominert til ni ulike Black Reel Awards, og vann tre av dei. Hudson var nominert for rolla si i filmen, men blei slått av medspelaren Queen Latifah. Filmen fekk også åtte nominasjonar ved NAACP Image Awards 2009, medrekna ein nominasjon til Hudson.
I 2009 spelte Hudson rolla som Kathy Archenault i Fragments, ein film basert på ein roman av Roy Freirich, der også Dakota Fanning og Forest Whitaker var med. Filmen kom ut på DVD 4. august 2009. I 2010 byrja Hudson spela inn den biografiske filmen Winnie Mandela,[35] basert på livet til den sørafrikanske aktivistenWinnie Mandela,[35] med amerikanske Terrence Howard som medspelar og med sørafrikanske Darrell J. Roodt som regissør.[36] Andre Pieterse og Roodt and Paul L. Johnson skreiv manuskript til filmen basert på Anne Marie du Preez Bezdrob sin biografi Winnie Mandela: A Life.[37] Creative Workers Union of South Africa var motstandarar av valet av ein utanlandsk skodespelar i rolla.[38]Winnie Mandela blei gjeven ut av Image Entertainment 6. september 2013.[39][40]
I januar 2008 vendte Hudson tilbake til studioet for å spela inn nye songar til debutalbumet sitt. Selskapet hennar skal ha vore misnøgd med retninga dei tok Hudson i musikalsk, og bestemte at det ville vera betre å forkasta dei eldre songane og i staden fokusera på nye. Hudson samarbeidde med Ryan Tedder og Timbaland om ei rekkje songar. Debutsingelen henanr «Spotlight» blei gjeven ut 10. juni 2008, og blei Hudson sin fyrste hitt i topp 40, der han nådde 24. plassen på<i id="mwAXM">Billboard</i> Hot 100 og blei ein topp 20-hitt i Storbritannia og Tyrkia. Debutalbumet hennar Jennifer Hudson kom ut 30. september 2008 på Arista og var skrive av Ne-Yo, som også produserte det i lag med Stargate. Andre bidragsytarar til albumet var mellom anna Timbaland, Missy Elliott, Robin Thicke, Harvey Mason, Jr., Diane Warren, Earl Powell og Christopher «Tricky» Stewart.[41] Albumet gjekk rett til andreplassen på Billboard 200 med 217 000 selde eksemplar i USA, og fekk positive meldingar. I august 2009 hadde det blitt selt 739 000 eksemplar i USA, og blei sertifisert til gull etter å ha selt over 500 000 eksemplar. Ho framførte songen «All Dressed in Love» til lydsporet for filmen Sex and the City, som kom ut i mai 2008.[42] Ved Democratic National Convention 2008 framførte ho den amerikanske nasjonalsongen.
I oktober 2008 skulle den andre singelen frå albumet ut. Opphavleg skulle dette ha vore «My Heart», men valet fall til slutt på «If This Isn't Love». Etter at tre av familiemedlemmane til Hudson blei brutalt drepne, blei singeulutgjevinga utsett til januar 2009. Så utsette plateselskapet utgjevinga igjen, til februar 2009. Etter at han blei gjeven ut nådde singelen 63. plassen på Billboard Hot 100 og 37. plassen på UK Singles Chart. Den tredje singelen skulle vera «Pocketbook», som Ludacris tok del på, men singelutgjevinga blei avlyst etter dårlege reaksjonar frå fans og kritikarar. I staden blei den tredje singelen «Giving Myself», som kom ut i 2. juni 2009 i USA. For debutalbumet blei Hudson nominert til tre grammyprisar for 2009:: Best Female R&B Vocal Performance for «Spotlight», Best R&B Performance by a Duo or Group with Vocals for«I'm His Only Woman» med Fantasia Barrino og Best R&B Album for Jennifer Hudson. Ho vann den siste av desse, og opptredde også ved tildelingsseremonien.[43]
I februar 2009 hadde Hudson si første offentlege opptreden sidan drapa på familiemedlmmer då ho song «Star-Spangled Banner» under Super Bowl.[44][45][46] Ho turnerte i USA med Robin Thicke i 2009.[47] Tidleg i mai 2009 fekk Hudson halsplagar, og måtte endra turnédatoar frå 16. til 19. mai 2009.[48] Ho framførte «Will You Be There» ved minnegudstenesta for Michael Jackson i juli 2009.[49] Hudson spelte inn «Neither One of Us (Wants to Be the First to Say Goodbye)», opphavleg av Gladys Knight & the Pips, for American Idol Season 3: Greatest Soul Classics - det offisielle albumet til tredje sesong av American Idol. Ho var med på det andre albumet til Ne-Yo, Because of You, på sporet «Leaving Tonight». Hudson laga ein julespesial til desember 2009 med tittelen Jennifer Hudson: I'll Be Home for Christmas. I spesialen minnast ho barndomsjular med musikalske framføringar filma på favorittstadene sine i heimbyen Chicago. Hudson vitja òg familiemedlemmar, venar og andre påverknadar frå barndommen under sendinga.[50] 22. januar 2010 var Hudson med på telethonen Hope for Haiti Now: A Global Benefit for Earthquake Relief, og framførte «Let it Be» av The Beatles. Sendinga samla inn kring 61 millionar dollar.[51] Seinare det året spelte Hudson inn songen «One Shining Moment» til NCAA Men's Division I Basketball Tournament 2010.
2010–12: Weight Watchers og I Remember Me
I 2010 blei Hudson talsmann for slankeverksemda Weight Watchers.[52][53] Dette året hadde ho gått ned 25 kg, og «ville ikkje gå ned meir».[54] Men den 10. februar 2011 var ho med på The Oprah Winfrey Show og viste at ho hadde mista totalt 80 pund (26 kg).[55] I sjølvbiografien sin frå 2012, I Got This: How I Changed My Ways and Lost What Weighed Me Down, skreiv ho i detalj om vekttapet.[56][57][58]
Tidleg under utviklinga av albumet I Remember Me sa Ne-Yo til E! Online at Hudson var klar til å setja eit personleg preg på det andre studioalbumet sitt. Han sa: «Ho har gått gjennom mykje det siste året, så ho har mykje å snakke om. Ho har definitivt blitt sterkare. Etter det ho har gått gjennom, og så halde seg optimistisk og lykkeleg, det er utruleg».[59] Hudson gav ut I Remember Me den 22. mars 2011. Albumet debuterte på andreplassen på Billboard 200 med 165 000 eksemplar selde i den fyrste veka.[60]
24. januar 2011 kom den fyrste singelen frå albumet ut, «Where You At».[61] Songen var skriven av R. Kelly og produsert av Harvey Mason, Jr.[62] Singelen gjekk inn på Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista på 53. plassen,[63] og steig seinare til 10. plassen.[64] «No One Gonna Love You» kom ut på radio i USA i mai 2011, og i lag med remiksar for digital nedlasting i juli 2011.[65][66][67] Songen nådde 23. plassen på Hot R&B/Hip-Hop Songs.[68] Den tredje singelen i USA var «I Got This».[69] «Don't Look Down» nådde 70. plassen på Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista, sjølv om han ikkje blei gjeven ut som singel.[70]
2013-2014: JHUD
Hudson spelte ei nonne i brørne Farrelly sin film The Three Stooges frå 2012.[71] Dagen etter at Whitney Houston døydde, framførte Hudson songen hennar «I Will Always Love You» til ære for Houston under utdelinga av Grammy-prisen, som blei halden 12. februar 2012 ved Staples Center i Los Angeles i California.[72] Hudson var gjest i fleire episodar av den andre sesongen av den musikalske dramaserien Smash.[73] Ho song «America the Beautiful» i lag med koret til Sandy Hook Elementary School ved Super Bowl XLVII.[74] Ved den 85. utdelinga av Osca-prisen framførte ho ein hyllest til musikalfilmar.[75] Ho framførte «Same Love» med Macklemore, Ryan Lewis og Mary Lambert på MTV Video Music Awards 2013.[76]
21. september 2013 blei det sluppe ein ny singel frå det komande tredje studioalbumet til Hudson på nettsida hennar. «I Can't Describe (The Way I Feel) » hadde T.I. som bidragsytar og var produsert av Pharrell. Hudson framførte denne songen saman med Chaka Khan, Evelyn «Champagne» King og T.I. ved på Soul Train Awards 2013.[77] I oktober 2013 spelte Hudson i dramaet The Inevitable Defeat of Mister & Pete i lag med Jordin Sparks og i drama-musikalen Black Nativity. Ho spelte òg opp saman med Amy Adams i dramaet Lullaby. 13. november 2013 blei Hudson tildelt stjerne nummer 2512 på Hollywood Walk of Fame.[2]
Det tredje studioalbumet til Hudson, JHUD, kom ut 23. september 2014. Hudson skildra albumet som meir "upbeat" enn det tidlegare materialet sitt. Ho samarbeidde mellom anna med Timbaland, Pharrell Williams, RedOne og R. Kelly om albumet. Hudson sa om albumet at «Det me gjer kjennest så rett ut at eg aldri vil gå heim (frå studio). Syster mi og manageren min søv på sofaen medan me jobbar til 4 eller 5 om morgonen».[78]
Hudson bekrefta at ein song på albumet ville vera «It's Your World», med R. Kelly, i eit intervju med Jonathan Ross på The Jonathan Ross Show. Dette sporet kom til å bli nominert til ein grammypris i 2015 for Best R&B Vocal Performance. 20. juni slapp ho musikkvideoen til «Walk it Out», der Timbaland var med.[79]
2015-2016: The Color Purple, Hairspray Live og Sing
Under den 87. utdelinga av oscarprisen framførte Hudson songen sin «I Can't Let Go» av Marc Shaiman og Scott Wittman (opphavleg frå NBC sin Smash) som ein hyllest til Hollywood-folk som hadde døydd året før.[80]
Hausten 2015 debuterte Hudson på Broadway i rolla som Shug Avery i The Color Purple, i lag med Cynthia Erivo og Danielle Brooks. New York Times-kritikaren Ben Brantley priste framføringa hennar og sa: «Ms. Hudson radiates a lush, supple stage presence that is echoed by her velvet voice».[81] Hudson vann seinare grammyprisen for Best Musical Theater Album (2017) for arbeidet sitt med The Color Purple.[82]
I juni 2016 framførte Hudson Prince-songen «Purple Rain» ved utdelinga av BET Awards. Ho hadde også sunge denne på scena i lag med utøvarane i The Color Purple dagen Prince døydde.[83] Ho hadde på seg sceneklede som likna dei Prince hadde brukt, og publikum var imponert over den energiske framføringa hennar.[84]
28. juni 2016 skreiv Hudson kontrakt med Epic Records. Direktøren for selskapet, L.A. Reid, og Clive Davis kom saman for å bidra til det fyrste albumet hennar for Epic, for fyrste gong sidan Whitney Houston laga The Bodyguard-soundtracket for 25 år sidan.[85]
Hudson hadde også nokre mindre filmroller, som i Spike Lee sin musikal Chi-Raq, og i Confirmation ved HBO i lag med Kerry Washington.
I desember 2016 spelte Hudson Motormouth Maybelle i NBC sin Hairspray Live!... Versjonen hennar av ein ballade knytt til borgarrettsrørsla, «I Know Where I've Been», imponerte publikum og kritikarar.[86] Under rulleteksten song Hudson duett med medskodespelaren Ariana Grande på Shaiman og Wittman sin «Come So Far».
Hudson gav røyst til den unge versjonen av figuren Nana Noodleman i Illumination Entertainment-filmen Sing, som kom ut 21. desember 2016. I filmen song ho The Beatles-klassikaren «Golden Slumbers/Carry That Weight», som var det gjentakande musikalske temaet i filmen. På deluxe-soundtracket syng Hudson ein duettversjon av Leonard Cohen sin «Hallelujah» med Tori Kelly.[87]
2017-no: Sandy Wexler, The Voice, Cats, Respect og ny musikk
Hudson spelte songaren Courtney Clarke i filmen Sandy Wexler, som hadde premiere i april 2017.[88] I byrjinga av 2017 byrja Hudson som trenar i The Voice-franchise då ho blei med i den sjette sesongen av The Voice UK.[89] Ho og artisten Mo Adeniran vann sesongen, og ho blei med det den fyrste kvinnelege treneren til å vinna showet. Hudson hadde også vore med som trenar i den amerikanske versjonen av The Voice i den trettande sesongen.[90]
Hudson gav ut «Remember Me» 3. mars 2017. Den 12. desember 2017 gav ho ut ein ny song, «Burden Down». Same dagen framførte ho «Remember Me» live for fyrste gong under semifinalen av The Voice. Seinare kom det òg ut ein musikkvideo for singelen.[91]
Hudson var trenar att i neste serie av The Voice UK; denne blei sendt frå 6. januar 2018 til 7. april, og artisten ho støtta, Belle Voci, enda på tredjeplass. 27. januar 2018 erklærte Clive Davis at Hudson var blitt vald ut av Aretha Franklin til å spela henne i ein biografisk film med ei forventa utgjeving i 2021.[92]
Jennifer Hudson opptredde i lag med D.C. Choir under March for Our Lives mot skytevåpenvald i Washington, D.C., den 24. mars 2018.[93][94] Ho var trenar att for den femtande sesongen av amerikanske The Voice etter å ha tatt pause i ein sesong.[95] Artisten ho trente, Kennedy Holmes, enda på fjerdeplass. Hudson var òg med i den åttande serien av The Voice UK.[96] I 2018 fekk ho rolla som Grizabella i filmversjonen av musikalen Cats, som kom ut i 2019.[97]
Aretha Franklin-fimen Respect, regissert av Liesl Tommy, kom ut i august 2021.[98] For framføringa si fekk Hudson President's Award på Palm Springs International Film Festival og blei nominert til Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role.[99][100] Med filmen følgde det eit lydband sunge heilt av Hudson med cover av fleire av Franklin sine songar og ein original song for Hudson, «Here I Am (Singing My Way Home)», som blei gjeven ut som singel i juni 2021.[101] Songen gav Hudson nominasjonar til Golden Globe Award for Best Original Song og Grammy Award for Best Song Written for Visual Media.[102][103] Soundtracket til filmen blei nominert til Grammy Award for Best Compilation Soundtrack for Visual Media.[104]
19. august 2021 hadde Hudson eit show på Apollo Theater i New York kalla Jennifer Hudson - Liveat the Apollo: A Night of Soul.[105]
I september 2021 vann Hudson ein Daytime Emmy Award for Outstanding Interactive Media for a Daytime Program for å ha vore ansvarleg produsent for Baba Yaga, ei 27 minutt lang interaktiv eventyrsoge laga for Oculus Quest.[107]
I februar 2022 var Jennifer Hudson ein av dei største vinnarane på NAACP Image Awards 2022. Ho vann Entertainer of the Year og Outstanding Actress in a Motion Picture for framstillinga av Aretha Franklin i filmen Respect.[108] I mai 2022 blei Hudson nominert til Tony Award for Best Musical for å ha vore produsent for Broadway-musicalen A Strange Loop.[109] 12. juni 2022 var Hudson ein av sytten personar som hadde vunne ein Oscar, ein Emmy, ein Grammy og ein Tony (EGOT) ved den 75. utdelinga av Tony-prisane.[110]
Eit talkshow leia av Hudson, The Jennifer Hudson Show, blei lansert den 12. september 2022.[111]
↑May 21, 2009, The 10 Greatest 'American Idol' Contestants Of All Time: Latest champ Kris Allen didn't make our list, but you might be surprised by who did. James Montgomery, MTV.