Jenakijeve er eit viktig regionssenter for kolgruvedrift, metallurgi, kjemikalieproduksjon og annan produksjon. Den utdaterte industrien i byen har ført til ulukker som gasseksplosjonen i juni 2008 i ei av kolgruvene i Jenakijeve.
Jenakijeve vart grunnlagd i 1898 då fleire arbeidsbusetnader kring Peter jerk- og stålverk, vart samla til ein enkelt busetnader som fekk namn etter Fjodor Jenakijev. Dei første kolgruvene vart bygde alt i 1883. Busetnaden fekk bystatus i 1925.
Byen har like over 100 000 innbyggjarar. Kring 14 % av innbyggjarane har ukrainsk som morsmål, medan resten snakkar russisk. Byen er kjend som fødestaden til president i Ukraina, Viktor Janukovytsj.