Horlivka (ukrainsk Горлівка, russisk Горловка, Gorlovka) er ein by i Donetsk oblast (provins) aust i Ukraina. Byen har kring 290 000 innbyggjarar. Han er eit senter for kolgruvedrift og kjemisk industri. Gorlovka statlege pedagogiske institutt for framandspråk har to bygningar i byen. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.
Historie
Busetnaden vart grunnlagd av Pjotr Gorlov i 1867, men var lite meir enn ei rekkje gruveleirar fram til han raskt voks i 1930-åra.
Under den russiske revolusjonen i 1905 var det ein våpenkonflikt her.
I nyare år er mange av gruvene stengde og folketalet har falle meir enn 10% i løpet av 1990-åra.
Kjelder
Bakgrunnsstoff