Jan Åge Fjørtoft (fødd 10. januar 1967 Ålesund) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er eigentleg frå Gursken i Sande kommune i Møre og Romsdal. Han var ein målfarleg spelar som har spelt for ei rekkje forskjellige klubbar i Noreg, Austerrike, England og Tyskland.
Han spelte 71 landskampar for Noreg, der han var kaptein i 15 av dei og skåra 20 mål.
Karriere
Jan Åge Fjørtoft jobba i ei periode som ekspertkommentator for NRK, men slutta då han vart manager for Lillestrøm Sportsklubb i august 2004. Då han var manager for LSK (Lillestrøm Sportsklubb, jobba han òg ved sidan av som programleiar i TV3. I slutten av 2006 var han i ei periode trenar for Lillestrøm saman med Frode Grodås og Erland Johnsen. Han var trenar etter at Uwe Rösler gjekk av, til Tom Nodlie tok over. I den perioden spelte klubben seks (6) kampar i Royal League, tre (3) sigarar, og tre (3) uavgjort.
Etter fire og eit halvt (4,5) år som manager i LSK slutta Jan Åge etter 2008-sesongen. I denne perioden hadde Lillestrøm vore finalist i både Cupfinalen i 2005 og i Royale League-finala i 2006, men tapte begge. Ein positiv opptur for LSK, i ein elles svak sesong var noregsmeistertittelen i 2007. I Cupfinala 11. november 2007 kunne LSK lyfte Kongepokalen for fyrste gong på 27 år, etter å ha slått Haugesund 0-2.
Fjørtoft er i dag programleiar i Viasat, der han leiar kanalen sine sendingar i Champions League, den engelske FA-cupen og Noreg sine bortelandskampar. I tillegg skal han leie sendingane i den nye Europa-ligaen.
Jan Åge er òg strategisk konsulent for organisasjonar i firma i inn- og utland.
I løpet av karrieren scora han ei rekkje viktige mål (totalt 307 mål på 620 obligatoriske kampar), både på klubb- og landslag. Det viktigaste målet han scora, i fylgje seg sjølv, var det målet han scora i den siste serierunda i 1999. Eintracht Frankfurt slo Kaiserslautern 5-1, sneik seg framfor Nürnberg ved hjelp av målforskjellen og berga dermed plassen i Bundesliga.
På landslaget vert han nok mest huska for målet han scora borte mot Polen i 1993, då han brukte «Fjørtoft-finta» og gav Noreg leiinga 2-0. Med det målet hadde Noreg i realitetane kvalifisert seg til VM i fotball i 1994 for fyrste gong sidan 1938. Jan Åge vart, som andre utanlandske i Austerrike, kåra til årets spelar i 1990.
Klubb- og kampoversyn
* Berre seriekampar.