Jamieson Ridge er ein smal rygg, 1 nautisk mil lang, med ei høgd opp mot kring 1200 moh ved sørvestenden av Herbert Mountains i Shackletonkjeda i Antarktis. Han vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagd av British Antarctic Survey i 1968–71. I samband med at det vart nytta namn på glasiologar i området, vart det namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1971 etter Thomas F. Jamieson, ein skotsk geolog som studerte dei is-skurte fjella i Skottland og oppdaga opphavet til skuringsstriper i 1862, og som i 1865 gav den første teorien for landheving.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jamieson Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).