James Watt |
Portrett av James Watt (1736–1819) av Carl Frederik von Breda |
|
Fødd | 19. januar 1736 Greenock |
---|
Død | 25. august 1819 Heathfield Hall |
---|
Bustad | Glasgow så Handsworth i Storbritannia |
---|
Statsborgarskap | Storbritannia |
---|
Nasjonalitet | Skottland |
---|
Område | maskinteknikk, dampmaskin, Oppfinningar, instrumentmaker |
---|
Yrke | ingeniør, kjemikar, fysikar, oppfinnar, gründer, matematikar, teknikar |
---|
Institusjonar | University of Glasgow |
---|
Alma mater | University of Glasgow |
---|
Kjend for | Utbetring av dampmaskinen |
---|
Influerar | Joseph Black Adam Smith |
---|
Ektefelle | Ann MacGregor, Peggy Miller |
---|
Barn | James Watt, Margaret Watt, Gregory Watt, Janet Watt |
---|
Medlem | Royal Society Det franske vitskapsakademiet Royal Society of Edinburgh Lunar Society of Birmingham |
---|
Religion | Church of Scotland,[1] seinare deist[2] |
---|
Signatur
|
James Watt (19. januar 1736–25. august 1819) var ein skotsk matematikar og ingeniør. Vidareutviklinga hans av dampmaskina, ein stempeldampmaskin i perioden mellom 1765 og 1769, vert rekna som ein sterkt medverkande årsak til den industrielle revolusjonen.[3] James Watt innførte omgrepet hestekraft for effekten til dampmaskinar. SI-eininga for effekt, watt, er oppkalla etter han.[4][5]
Liv og virke
Watt blei fødd i Greenock nær Glasgow i Skottland. Far hans var instrumentmakar som tilverka og reparerte navigasjonsinstrument. Då James var 19 drog han til London for sjølv å læra seg dette yrket. Av ein ukjend grunn fullførte han ikkje lærlingetida, men drog tilbake til Skottland, der han etter fleire forsøk fekk arbeid som matematisk instrumentmakar ved universitetet i Glasgow. Her kom han i kontakt med vitskapleg nyskaping, mellom anna dampmaskinen laga på 1700-talet av engelskmannen Thomas Newcomen, og arbeidet hans støtta seg på eit inngåande studium av dampmaskina hans, og vitskaplege målingar av damptrykket, temperaturen og spesifikt volum, som Watt utførte som universitetsmekanikar i Glasgow frå 1759.
Han tok i 1769 patentet som vart avgjerande for utviklinga til dampmaskina i langt over eit hundreår. I 1774 starta Watt i samarbeid med Matthew Boulton den første store dampmaskinfabrikk i Soho ved Birmingham som, takka vere forlenginga av patentet, inntil 1800 hadde ei monopolstilling for framstilling av dampmaskinar. I industrielle føretak var det naudsynt å tilføre energien ved ei roterande rørsle, og Watt prøvde ulike konstruksjonar for å overføre stempelets fram- og tilbakegåande til roterande rørsle.
Watt fann mellom anna opp sentrifugalregulatoren, indikatoren, parallellogramlikeføring og vasstandsglas. South Kensington Museum i London oppbevarer ei større mengd originalmodellar av Watt frå utviklingstida. Watt medverka til utarbeidinga av metersystemet. Etter 1800 trekte han seg tilbake frå det daglege arbeidet i Soho og dreiv mykje med bilethoggararbeid.
Kjelder
«James Watt» (28. februar 2013) i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ Carnegie, Andrew. James Watt. The Minerva Group, Inc. s. 215. ISBN 0-89875-578-6.
- ↑ Dickinson, Henry Winram; Jenkins, Rhys; Committee of the Watt Centenary Commemoration (1927). James Watt and the steam engine: the memorial volume prepared for the Committee of the Watt centenary commemoration at Birmingham 1919. Clarendon press. s. 78. «It is difficult to say anything as to Watt's religious belief, further than that he was a Deist.»
- ↑ Kingsford, P. W. «James Watt» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 25. september 2023.
- ↑ «James Watt» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Knudsen, Ole: James Watt i Den Store Danske i lex.dk. Henta 25. september 2023.
Bakgrunnsstoff