Greenock (skotsk gælisk Grianaig) er ein by i regionen Inverclyde i Skottland. Han har kring 45 500 innbyggjarar og har med status som burgh. Han inngår i eit urbant område saman med Gourock i vest og Port Glasgow i aust. Byen ligg ved sørbreidda av Clyde, like ved utløpet i Firth of Clyde. Folketalet gjekk ned i løpet av 1900-talet, frå toppnivået 81 123 i 1921 til omkring 78 000 i 1966 og 45 467 i 2001. Då han var på det største var byen den sjette største i Skottland.
Kjelder