Burgh (same ord som 'borg') var tidlegare ei nemning på ein britisk by eller sjølvstyrande område. Nemninga «burgh» blei brukt i Skottland og Nord-England, medan resten av England brukte «borough». Opphavleg viste omgrepet til ein by med festning, og blei opphavleg skapt som kongelege burghar av kong David på 1100-talet. Dei blei brukte som valkrinsar i moderne tid, fram til lokalstyret blei reformert i England og Wales i 1974 og i Skottland i 1975.
Burgh i stadnamn
«Burgh» er brukt som stadnamn, både åleine og i samansetjingar. Ordet åleine er mest brukt om småstader i England, medan suffikset -burgh er utbreidd både i Storbritannia og i område som har hatt britisk innvandring.
Døme:
Burgh åleine eller først i stadnamn |
-burgh sist i namn
|
I England:
|
|
Kjelder