J-Tull Dot Com
J-Tull Dot Com er det 20. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1999. J-Tull Dot Com kom ut fire år etter det førre albumet, Roots to Branches, og held fram i same spor med å blande hardrock og kunstrock med austleg musikk. Det er òg det siste albumet med Andrew Giddings på tangentinstrument og det einaste albumet med Jonathan Noyce på bass, sjølv om begge var med i bandet fram til 2007. Songane på albumet var påverka av at bandet gjennom tiår hadde spelt over heile verda. I songar som «Hot Mango Flush» måler Anderson levande bilete av gatebilete frå den tredje verda. Somme songar omhandlar òg at Anderson innser at han er i ferd med å verte gammal, som «Wicked Windows» som er ei fundering om lesebriller. Namnet på albumet er adressa til den offisielle nettstaden til bandet. Per september 2012 er dette det siste studioalbumet deira med berre originale songar. InnhaldAlle spor skrivne av Ian Anderson, bortsett frå der anna er nemnd
Medverkande
Gjestemusikar:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|