Jørgen Kosmo

Jørgen Kosmo

Jørgen Kosmo
Foto: Lennart Perlenhem/norden.org
Fødd5. desember 1947
Valnesfjord
Død24. juli 2017 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, tømrar
VervRiksrevisor 2006–2013
FøregangarBjarne Mørk-Eidem
EtterfylgjarPer-Kristian Foss
VervStortingspresident 9. oktober 2001–30. september 2005
FøregangarKirsti Kolle Grøndahl
EtterfylgjarThorbjørn Jagland
VervNorsk forsvarsminister 2. april 1993–17. oktober 1997
FøregangarJohan Jørgen Holst
EtterfylgjarDag Jostein Fjærvoll
VervNorsk administrasjons-, planleggings-, moderniserings- og fornyingsminister 17. mars 2000–5. oktober 2001
FøregangarLaila Dåvøy
EtterfylgjarVictor Norman
VervStortingsrepresentant 1985–2005
Alle verv

Jørgen Hårek Kosmo (5. desember 194724. juli 2017) var ein norsk politikar (Arbeidarpartiet) og stortingspresident.

Han var fødd i Fauske i Nordland fylke, var opphavleg anleggsarbeidar, og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 var han vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.

Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997, og statsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd, vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.

I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.

Den 2. november 2005 tildelte Kong Harald Jørgen Kosmo storkrossen av St. Olavs Orden for embetsforteneste som stortingspresident. Kosmo er den fyrste stortingspresidenten i nyare tid som har motteke ordenen. Same året vart Kosmo også utnemnd til storkross av den svenske Nordstjerneordenen, og i 2013 fekk han den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen (Orde van Oranje-Nassau).

Kjelder