Instinct
Instinct er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Iggy Pop, gjeve ut i juni 1988 på plateselskapet A&M. Etter det særs popaktige og radiovennlege Blah Blah Blah venta A&M eit nytt hit-album frå Pop, men i staden spelte han inn eit tungt, hardrockalbum. Det var meir retta mot heavy-metal med Steve Jones på gitar. Albumet nådde 110. plass på albumlista i USA. Den første singelen frå albumet, «Cold Metal», nådde 37. plass på Mainstream rock-lista og Iggy vart nominert til Grammy-prisen for beste hardrock/metal-framføring i 1989. Albumet vart rangert på 69. plass på lista til Kerrang! over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene. Det vart laga videoar for «Cold Metal» og «High On You». InnhaldAlle spor skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde
Medverkande
Kjelder
|