Immigration Man
«Immigration Man» er ein song skriven av Graham Nash og spelt inn av David Crosby og Graham Nash. Songen kom ut på singel i mars 1972, som den første singelen frå debutalbumet til duoen, Graham Nash David Crosby. Singelen nådde 36. plassen på Billboard Hot 100, og er den einaste topp 40-hitten deira som ein duo. BakgrunnNash skreiv «Immigration Man» om ei hending han hadde hatt i den amerikanske tollen då han prøvde å kome inn i landet. Tollstyresmaktene heldt han attende, og først då folk byrja å kome fram til Nash for å få ein autograf, sleppte Nash gjennom. Men han vart verande sint for måten han var blitt handsama på. Nash vart amerikansk statsborgar i 1978. Musikken i «Immigration Man» er mellomrask vestkyst-rock i same stil som Crosby, Stills and Nash eller Buffalo Springfield. Gitarsoloen vert spelt av Dave Mason. Medverkande
Produksjon
Kjelder
|