Søraust i Imathía ligg Pieríafjella og i vest Vérmiofjella. Den lengste elva er Aliákmonas som renn i sør og aust. Reservoaret på elva strekkjer seg òg inn i Kozáni. Det lågaste punktet i periferieininga er ved Thermaikósbukta og det høgaste punktet er Vérmio i vest.
Historie
Området rundt Imathía var først under makedonsk styre. I antikken omfatta Imathía Édessa og Aiges, den antikke hovudstaden i Berroia, Kitios og fleire andre.
Seinare vart Imathía annektert av Romarriket og i mellomalderen av Austromarriket og frå 1400-talet fram til balkankrigane i 1913 av Det osmanske riket. I motsetnad til dei sentrale og sørlege områda av Hellas vart periferieininga først ein del av Hellas under balkankrigane og etter traktatane frå Bucuresti og London. Folketalet eksploderte og fleire jordbruksområda vart utvida. Véria fekk elektrisitet og dei store vegane vart asfalterte. Under den gresk-tyrkiske krigen kom fleire flyktningar frå Litleasia til Imathía og bygde flyktningleirar og hus, og det vart grunnlagt fleire landsbyar.
Jordbruket er i stor grad basert på fersken og jordbær. SyltetøyetNaousa er den mest kjende eksportartikkelen frå området.
Klima
Imathía har hovudsakleg middelhavsklima med varme vintrar og kjølige vintrar. I dei sentrale og vestlege områda og i Vérmiofjella kan ein få nokså kjølige forhold om vinteren.