Fersken er ei steinfrukt frå ferskentreet (Prunus persica). Fersken vert mellom anna dyrka i California og middelhavslanda. Frukta er rund, og blir opptil 8 cm i diameter. Ho er søt og saftig.
Treet høyrer til i rosefamilien. Det blomstrar på berr kvist frå februar til april. Blada er avlange.
Fersken i kulturen
I kinesisk kultur er fersken knytt til dei udøydelege gudane, og står for langt liv.[1]
Kina er den største ferskenprodusenten i verda, med ein produksjon på over 10 millionar tonn i 2010. Italia og USA var dei andre og tredje største produsentane.[2]