Illyrarar busette område i fleire tusen år fram til slavarane invaderte området på 500-talet. Den illyriske sivilisasjonen er derfor ein av dei eldste i Europa. Illyrarane busette område som utgjorde store delar av Jugoslavia (hovudsakleg Bosnia og Dalmatia) samt Albania. Dei tala eit indoeuropeisk språk som kanskje er i nær slekt til albansk. Mange av namna på dei illyriske folkegruppene og stadane har overlevd i skriftlege kjelder på både gresk og latin. Ein er ikkje sikker på at dei sjølv kalla set illyrarar og truleg gjorde dei ikkje det. Vanlegvis har illyrarane vorte definert som dei nabofolkegruppene dei skilde seg frå, det vil seie keltarar, dakarar, thrakarar, grekarar og antikkens makedonarar.
Fleire illyriske stammer kan ha slått seg ned på Den italienske halvøya. Desse stammene vert hovudsakleg kalla italo-illyriarar. Nordlege illyriske stammer ved elva Sava vart samla saman av keltiske stammer i området. På 400-talet byrja keltiske folkeslag å slå seg ned i områda mellom Drava og Sava, som strekte seg frå aust i Kroatis til vest for Serbia.
Det er ikkje mange spor att etter den tidlege illyriske siviliasjonen i området, som vert forklart ut frå dei mange krigane og dei forskjellige folkegruppene som har vore i området.
Militæret
Kjelder frå 280 f.Kr. fortel at den illyriske kongen Monun gav Makedonia 20 000 mann som forsvar mot ein keltisk invasjon. Arkeologisk funn tyder på at illyrarane nytta fleire ulike våken som sverd, øks, kniv, pil og boge og spyd. Sica var ein bøygd kniv som illyrarane nytta. Sicarius var det latinske uttrykket for ein illyrisk avrettingsmetode med hjelp av kniv.
Store delar av Illyra var skogkledd og kupert, noko som gjorde det vanskeleg å invadere området. Dei forsvarande styrkane skal visstnok ofte ha rømd og gøymde seg i dei mange fjellområda.