Howarthbreen er ein liten isbre som flyt sør-søraust til Admirality Sound langs vestsida av The Watchtower, søraust på James Ross Island i Antarktis. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1995 etter Michael Kingsley Howarth som var Deputy Keeper of Paleontology ved British Museum (Natural History) i 1980–92, og forfattar av Falkland Islands Dependencies Survey Scientific Report Nr. 21 om Aleksanderøya.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Howarthbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).