Hidden Conversations er det 11. og siste studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut 2009. Det var det femte albumet hans sidan comebacket hans i 1998, då han hadde vore nesten tjue år borte frå musikkindustrien.
I 2008 spelte Callier på Meltdownfestivalen med Massive Attack som kuratorar det året. Dette førte til at gruppa byrja å skrive og produsere songar for det nye albumet til Callier. Fleire av songane har triphop-rytmar der Callier nærast rappar somme av tekstane.